Psykologspesialist
Bufetat
Stavanger - Senter for foreldre og barn
Ledig fast 100 % stilling som psykologspesialist i Senter for foreldre og barn. Stillinga er ledig frå 01.10.2026.
I Senter for foreldre og barn i Stavanger jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjonar, og vi jobbar med kartlegging, samspelobservasjon, rettleiing og behandlingsarbeid – alltid med barnet sitt perspektiv som kompass.
Senteret i Stavanger er eitt av tre senter med døgnavdelingar i Bufetat region vest. Barna i målgruppa er 0–6 år, med prioritering av 0–2 år. Kjerneoppgåva er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2/2-3. Senteret kan òg tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheiter og å styrkje tilknytinga mellom foreldre og barn. Senteret jobbar både heimebasert, i dagtilbod og døgnbasert.
Vi er eit tverrfagleg miljø som tek fag på alvor, men som òg veit at ein god latter innimellom gjer oss til betre hjelparar. Du vil jobbe saman med folk som støttar kvarandre, stiller spørsmål, utfordrar og vil kvarandre vel.
Kven ser vi etter?
Vi leitar etter deg som ikkje kjem til å slutte å bry deg.
Du som tenkjer: “Dette er meir enn ein jobb – dette er viktig.”
Du har erfaring frå arbeid med dei minste barna og foreldra deira, og du trivst i skjæringspunktet mellom kartlegging, samspel, utviklingspsykologi og rettleiing.Du står stødig i faget, og du er nysgjerrig og villig til å utvikle deg saman med resten av teamet. Og du er typen som både kan vere varm og tydeleg i møte med familiar og samarbeidspartnarar – og som toler at ingen dagar er heilt like.
Arbeidsoppgåver
Bistå teama i utreiing og hjelpetiltak etter barnevernlova §§2-2, 2-3 og 3-1
Bistå teama i utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgssituasjonen; foreldra si fungering, barnet si utvikling og samspel
Oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn
Kvalitetssikring av utgreiingsarbeid og kartleggingsverktøy
Utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid
Bistå med fagleg kompetanse til senteret sine tilsette og i samarbeidsmøte
Vere ein pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling hjå oss
Rettleiing av tilsette
Samarbeid på tvers med andre psykologer i eininga
Bistå andre senter i eininga ved behov. Dette kan innebere noko reiseverksemd knytt til oppdrag for dei andre sentra i eininga
Kvalifikasjonar
Det er krav om å ha:
Autorisert psykolog med godkjend spesialistutdanning - helst innan klinisk barne- og ungdomspsykologi, familiepsykologi, samfunnspsykologi, men klinisk vaksen er og aktuell
Erfaring frå arbeid med familiar med sped- og småbarn
Erfaring med utgreiing og rettleiing
Erfaring med foreldra si psykiske fungering og familiar i risiko
Kjennskap til relevante barnevernsfaglege metodar
Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter og ei trygg rolleutøving
Sertifikat for personbil
Det er ønskjeleg at du har:
Psykologfagleg erfaring knytt til utgreiingsarbeid og tiltaksarbeid med sped- og små barn
Sertifisering / ferdigheiter i relevante metodar i barnevernsfagleg arbeid
Rettleiings- og undervisningserfaring
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Har lyst til å bringe psykologfaget tydelegare inn i barnevernsarbeidet
Tør å bringe nye perspektiv og idear inn i teamet og kan utfordre etablert praksis
Har gjerne ei allsidig og brei erfaring, og samtidig eit særskilt engasjement for dei minste barna
Har god fagleg refleksjon og vurderingsevne
Er lærevillig, fleksibel og har evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
Er god på samarbeid
Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Har normalt gode digitale ferdigheiter og forståing
Vi tilbyr
Ein meiningsfull jobb der du verkeleg ser at arbeidet ditt betyr noko
Eit fagmiljø som verdset kompetanse og samarbeid, som både utfordrar og heiar
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing
Ein arbeidsplass der vi jobbar seriøst – men utan å ta oss sjølve altfor høgtideleg
Varierte arbeidsoppgåver
Fleksibel arbeidstid
Du kan trene éi time per veke i arbeidstida
Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit endå betre tilbod – og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv
Stillinga som psykologspesialist er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 800 000 - 900 000
Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring. For særskild kvalifiserte kandidatar kan noko høgare løn vurderast
Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Informasjon til deg som søker
Inkludering og mangfold er en styrke og gjør at vi kan løse oppgavene våre enda bedre. Derfor ønsker vi oss medarbeidere med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaringer og perspektiver. Har du funksjonsnedsettelse, hull i CV-en eller innvandrerbakgrunn, oppfordrer vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkere, kaller vi inn minst én i hver gruppe til intervju, og får du jobben, legger vi til rette for deg om du trenger det. Utenom å velge ut riktige kandidater bruker vi ikke avkrysningene til noe annet enn anonymisert statistikk.
Stillinga er for tida lagt til Senter for foreldre og barn, avdeling Stavanger.
Politiattest må fremlegges ved ansettelse, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikke legges med søknaden.
Du kan be om å ikke bli oppført på den offentlige søkerlisten. Dette må i så fall begrunnes. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikke tas til følge.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Ber også om at du legger inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.